| ||||
Segltur til GrønlandSommaren 09 var eg med på ein ti dagars tur med Borea Adventures. Vi kryssa frå Isafjordur på Island og fortsette langs Grønland austkyst til vi avslutta i Kulusuk. Fin tur med hyggeleg gruppe og flott natur.
Vi såg mykje flott, mellom anna kval, fjell, brear, sel og isfjell. Undervegs gjekk vi fotturar og padla mellom isfjella. Ved ein forlaten busetnad møtte vi ei gruppe fangstmenn. Dei hadde møtt isbjørn dagen før, så etter det såg vi oss godt rundt.
Runar ved Borea Adventures har laga turrapport med flotte foto: Greenland report.
|
Aurora |