Kajakk på nordgrønland

Ferien gjekk til Qaanaaq i Thule-distriktet. Vi brukte 17 dagar på å padle rundt Inglefield Bredning, eit fjordsystem der kvar arm er på størrelse med norske fjordar.

Vil du oppleve fangstkultur i flott natur? - Reis til Qaanaaq!
Min tur gjekk dit med dei rutinerte padlarane Mia Kanstad Kulseng og Elin Olsgård. På vei nordover fekk vi tre dagar ved Disko-bukta. Illulissat er ein av dei mest populære turiststadane på Grønland, det er lett å forstå at den kjende Illulissat Icefjord har verdsarvstatus.

Flyet til Qaanaaq går berre ein gang i veka, med rundt 30 passasjerar. Klimaet er kaldare i nord, men i flott vær betyr det lite, vi gjekk i t-skjorte meir enn ein gang.
Då vi landa vart vi tatt godt imot av Hans Jensen som driv Hotel Qaanaaq, og frakta til "Strandhuset". Heilt ideelt for oss, vi hadde butikken bak oss og stranda på andre sida. Og sjølv om isen gikk veka før og årets første og (nest siste) båt framleis lossa låg kajakkane klare på land.

Vi hadde tre flotte veker med padling i gedigen natur. Den store fjorden vart aldri monoton når dagane var krydra av isfjell og brear, fjellturar, fiske, og aller best, møter med fangstfolk på narkval-jakt.

 

Innlandsisen neste

Turtips: Kajakk gir friheit, men det blir ein del logistikk når du må sende utstyr med båt. Vil du gjere det enklare leiger du plass på båtar om sommaren, eller på hundeslede på våren. Hans ordnar det meste. Det kan også være mulig å leige kajakk i Qaanaaq.

http://galleri.hustadnes.net/#1