Beerenberg

 

Beerenberg er Norges ukjente vulkan og landets suverent største fjell. Med den bredekte vulkankjegla og det enorme krateret er fjellet eit imponerande syn der det ruvar 2277 meter over Nordishavet.

 

Sentralkrateret er ein kilometer breitt og fylt av is. Det dampar av bresprekker der Weyprechtbreen sprengjer seg ut av krateret og startar sin lange veg til havet.        

 

Turmål
For fjellfolk er Beerenberg eksotisk. Få andre enn stasjonsbesetninga får sjansen til eit besøk, sidan det krev eigen transport til Jan Mayen. Når ein først er der treng ein berre godt vær.

Vil du bestige Beerenberg? Sjekk desse sidene:

Beerenberg Expeditie (1997)

Segltur til Beerenberg (2003)

Føringstur til Beerenberg (2008)

Beerenberg 2010

Normalrute
Det er lett stigning til ein når Kronprins Olavs bre ved 600 meter. Frå 1100 meter kan der vere sprekker, så tauet må på etterkvart. Det er minst sprekker på høgre sida av breen. 

Ovanfor landemerket Nunataken er der mykje sprekker, sidan denne fjellknausen deler breen. Det kan variere, men ein kan unngå mykje ved å ta til venstre eit stykke før Nunataken. Opp Bratthenget tar ein ulike vegar, alt etter forholda.

Om ein går ut på fjellryggen til venstre blir det bratt, men ein går ikkje på bre, og ruta er flott. Slik kjem ein opp like ved høgste punkt, Haakon ll Toppen og bør ta bryet med å nå den. Har ein overskot er det flott å fortsette langs krateregga og ned andre sida av Bratthenget.

Beerenberg frå Stasjonen. Normalruta går midt på landets lengste bakke. Foto: Per Einar Dahlen

Når kjem neste utbrot?

Verdens nordligaste vulkan er aktiv og hadde sitt siste utbrot i 1985.

Ein  trudde lenge Beerenberg var utdøydd, heilt til eit japansk passasjerfly meldte om "Major forest fire at Jan Mayen island"...... Det viste seg å være eit stort utbrot som laga fire kvadratkilometer nytt land og førte til ei kortvarig evakuering.Lavaflaumen var stor som Glomma i tre veker og øya vaks med fire kvadratkilometer. Ved stasjonen som ligg tre mil frå utbrotet heldt havet tretti varmegrader og kystvakta tok kurbad i Nordishavet.

Etter dette blir aktiviteten overvaka med tre seismikkstasjonar. I 1985 kom eit mindre utbrot og det er merkbare jordskjelv fleire gangar i året. 

Nye utbrot er venta, men når det vil skje er vanskeleg å spå. Dei vil truleg kome langt frå stasjonen, på nordsida av Beerenberg. Men sjølv om risikoen for besetninga er lav vert jordskjelvaktiviteten overvaka og evakueringsplanane haldne i hevd.
Senteralkrateret med Weyprechtbreen. Krateret er ein km bredt. Haakon VII topp til høgre. Foto: Per Einar Dahlen
 

Haakon VII topp til høgre. Hakluyt-toppen nermast. Foto Erik Nordbye

  

 

Sentralkrateret frå Haakon VII toppen