| |||
Expeditie Var heldig og fekk bli med Dutch Historical Expedition Foundation på Jan Mayen Beerenberg Expeditie 97. Dei hadde eit kommersielt opplegg der dei skulle bestige ein "Nederlandsk vulkan". Hadde ein fantastisk tur med ein hyggeleg gjeng. Forsto etterkvart litt nederlandsk og.. Vart spurt om å lage ein artikkelen for Volcanoworld. Den ligg her: An expedition to Beerenberg Teksta er lang. Dette er kortversjonen: Starta frå Gamlemetten i lave skyer som vi kom gjennom allereie på 600 meter. Deretter knallvær. Vi telta ved Birdkollen og gjekk til topps om kvelden. Ski til Nunataken. Deretter masse sprekker, alle trakka gjennom. Var på kraterkanten i midnattssol, utruleg flott utsikt. Spesielt fint lys. Kom ned til teltet om morgonen, sov utover dagen og køyrde ski ned att. Koos ramla i dalen ovanfor Nord-laguna og skadde ankelen. Han ville ikkje belaste stasjonen med å bruke større kjøretøy og tvinga seg derfor til å gå tre kilometer, til ein stad der vi kunne hentast med Gelendewagen. Kom direkte til Jonsokfest i Båtvika, mellom anna med eit digert bål. Viste seg seinare at Koos hadde brote eit bein i ankelen. Han hadde ikkje godt av gåinga og hadde heller ikkje særleg utbytte av seks dagar segling til Bergen... Han måtte seinare opererast. Gjengen kom frå Nederland vinteren etter, for å vere med oss på Jostedalsbreen. Vart styggevær, så vi omdirigerte til Jotunheimen. |
| ||
| | ||
![]() | |||