Tur 1
Denne erfarne gjengen var sjølvhjelpne på øya.
Initiativtakar Morten
Helgesen driv
Glittertind Forlag saman med kona Julia. Dei har mellom anna gitt ut den
flotte "Norges fjelltopper over 2000 meter". Ein oppdatert versjon vil også
inkludere Beerenberg.
Fjellet har ikkje vore på lista for dei som samlar toppar over 2000 meter, men
det kan endre seg no. Ved å telle alle punkta med "primærfaktor" over 10 meter
blir Beerenberg definert som 11 toppar.
Gruppa hadde sterk vind første kvelden, elles nydeleg vær. Dei etablerte leir
nedanfor sprekkene, på 1270 meter. Dagen etter nådde alle 10 toppen.
Sju gjekk opp igjen neste dag og fire av dei vart dei første som gjekk rundt heile krateret.
Morten Helgesen, Pål Berglund, Erik Aaseth, Nils Haugene, Kjell Iver Johansen,
Knut Eraker,
Turid Athammer, Torgeir Eraker, Arne Mæhlen og Geir Åke Dahlen. Rùnar Karlsson,
Sigurður Jónsson
Tur 2
Seglturen frå Island tok oss 2.5 dagar. Vi hadde tenkt oss direkte til lesida av
Beerenberg, men stasjonssjef Åge Leif Godø bad oss legge til i den tryggaste
hamna, Kvalrossbukta og kjørte oss deretter til basecamp ved Gamlemetten.
Det er litt lengre veg frå denne sida enn frå Eldste Metten på austsida, men
leirplassen er verkeleg flott. Vi
hadde berre ein dag med godt vêrvarsel, så då det var gløtt i skydekket
neste ettermiddag starta vi. Vi gjekk i tåke til 1000 meter, og så braut vi gjennom. Resten
av natta hadde vi vindstille og midnattsol til vi dukka ned i skyene igjen.
Heile turen tok 15 timar og det var ein sliten men glad gjeng som kraup i
telta neste formiddag.
Vi fylgde råd frå gruppe 1 og gjekk til høgre i Bratthenget. Bak
Nunataken kan det vere mykje sprekker. Der var det greitt, men lengre oppe var
det meir enn sist. (Har ikkje gått denne ruta før)
Vi nådde Haakon VII toppen rundt klokka 03.
Klokka 11 var alle nede. Vi sov utover dagen og hygga oss med leirbål på
Bommen ved Nordlaguna om kvelden.
Neste dag ga ein fottur til lavagrottene i
Schmelkdalen og vidare til Eldste Metten
eit variert inntrykk av den
spesielle naturen. Siste dag starta med sandstorm og då det byrja regne vart
det surt. Vi gjekk
likevel til stasjonsruinane i Maria Musch bukta og vidare til flyvraket på Danielsenkrateret. Avreisedagen var
vi innom stasjonen før avreise til Island. Vi kom dit klokka 02
Laurdagsnatta og rakk ei kjapp feiring i Isafjordur.
Vi hadde også med to
radioamatørar. Michael og Wojtec var svært nøgde med å sende frå eksotiske Jan Mayen, mens
fjellet var uaktuelt.
Ivar, Arne, Ole Mats og eg fekk også med oss høgste fjellet på Island.
Hvannadalshnúkur
er 2119 meter, så med start på havnivå var det god opplading til Beerenberg.
Robert Fjellanger, Mike Wells, Arne Hagen,
Johan Hustadnes, Ivar Helleberg. Jon Andersson,
Ole Mads Øvergaard og Wojtec Rossocacki. Wolfgang Schaub, Rùnar Karlsson,
Sigurður Jónsson