Fjelltur i Nordishavet Om sjøsjuke fjellfolk Ein kameratgjeng frå Sunnmøre fekk ein idé. Dei ville bestige verdas nordlegaste vulkan, Beerenberg, som også er eit av Norges høgste fjell. Tanken var i grunnen god. Det var berre det at Beerenberg ligg på øya Jan Mayen, midt i Nordishavet. Det stoppa likevel ikkje Arild Aasen, Frank Sandvik, Odd Stormorken og underteikna. Vi var klare for tur og no kunne planlegginga begynne. Transport var avgjerande og vi forsto snart at ein privat seglbåt var løysinga. Vi fann den ideelle partner heime i Ørsta. Petter Eikrem, ferjekaptein i MRF, hadde erfaringa vi trengte, og ”Symra”, ein 47” Jeanneau Sun Kiss, var strøken. - Det var litt av eit prosjekt, stussa Petter då vi først spurde han. Så forsto han at forslaget var seriøst meint. Kameraten Jørn Olsen Øye vart hyra som styrmann og gjengen var samla. Hjelpa er langt unna i Nordishavet, så vi skaffa flytedressar, redningsselar, overlevingsdrakter, nødpeilesendar, redningsflåte og ein mobil VHF-radio for kommunikasjon frå fjellet. Fjellfolk til sjøs Turen startar frå Ørsta i vindstille og regn, men så passerer vi Godøya og møter havdønningane ved midnatt. Og førstemann blir dårleg. - Håper berre det er sjøsjukeplasteret som ikkje har begynt å virke endå, seier vi andre bekymra. Det viser seg diverre at vi tek feil, stakkaren er sjuk det meste av turen. Utan vind går vi for motor, men utpå natta er det stopp. Petter tryllar fram ei våtdrakt som viser seg å passe Jørn, så han får den sure jobben med å kutte garnrestar frå propellen. Så bles det opp og vi har bra bør eit døgn før det blir stille igjen. Blikkstille. I dagevis. - Dette hadde eg ikkje venta på veg mot landets mest forblåste øy, seier kaptein Petter. Det går jo greitt med motor, men vi har berre diesel for halve turen og det vil vere synd å bruke ferien til å drive rundt i havet. Som ei trøyst får vi god sikt til masse vågeval og eit par spekkhoggarar, og heldigvis – i det tanken går tom, kjem vinden tilbake, og vi har berre tapt ein dag. Etter at vi kryssar nullmeridianen blir klimaet fort kaldare. Og endeleg – Samstundes som vi møter dei første snøbyene dukkar Jan Mayen opp av havet. Det er den sjette dagen. Over skyene? Jan Mayen har ingen hamner, og kysten er ikkje særleg gjestmild. Oppankring blir difor bestemt av vindretninga, men Kvalrossbukta er ofte tryggast. Vi har sjøgang i beina, men etter ei god natts søvn fungerer kroppane bra til tross for rullande ganglag. Det er tungt å starte i mose og vulkanske lausmassar, og vi blir offer for dei raske vêrskifta som er typiske for øya. Dei neste timane på vei opp mot målet navigerer vi i sur vind, gjennom snøbyer og skyer. Men etter ein time på Kronprins Olavs Bre stig stemninga. - Vi kaster skygge!, smiler Arild og litt seinare bryt vi gjennom skyene og er åleine med Beerenberg mot knallblå himmel. I den klare lufta ser toppen ut til å vere like ved, men vi veit at det er mange timar igjen. Lenger opp møter vi sprekker og breutstyret må på. Vi hadde venta å fryse, men no er vi i ein bakaromn. Vindstille, steikande sol, og snø som liknar vått sukker. Vi slit oss opp mellom botnlause sprekker til fjellryggen som fører til høgste topp. At Haakon VII Toppen neppe har vore besøkt sidan 1942 aukar sjølvsagt motivasjonen. Til topps Dei siste, bratte 500 metrane er det heldigvis skaresnø. Vi møter eit nytt skylag, men når vi endeleg kjem oss over det, er toppen nær. No røyner det hardt på kreftene, vi er slitne alle mann, men så er vi oppe! Vi dumpar sekkane og klatrar det siste stykket til den luftige toppen. Utsikta er heilt rå! Sentralkrateret er ein kilometer bredt, 300 meter djupt og omkransa av ei smal krateregg. Midnattssola skin gjennom opninga der landets høgste brefall, Weyprechtbreen, startar turen mot havet. Bortsett frå krateret ser vi berre skyer i alle retningar. Sjølve toppen er for luftig for teltliv, og vi finn ein overnattingsplass i eit skar på kraterkanten. Om natta viser gradestokken minus ti og ein kald vind ruskar i teltet, men med fire mann stua i eit tremannstelt held vi varmen. Kraterpromenade! Vi hadde frykta vêromslag, men vaknar til sol, med eit tynt skydekke ein kilometer under oss. No får vi verkeleg bonus for slitet dagen før. Det er heilt rått å gå egga der den smalnar inn nordover, etter kvart i jomfruelig terreng. Nordsida av
Mercantontoppen har ei kvass og luftig snøegg. Ikkje så vanskeleg, men sjøgangen sitt i beina ennå, så vi er forsiktige når vi gynger nedover med krateret på ei side og havet på den andre. No står vi på det lågaste punktet på krateregga. Vi vurderer å fortsette det siste stykket rundt krateret, men det er ikkje lett å motivere seg når suksessen allereie er sikra, samtidig som returen vil bli komplisert om noko skulle skje. Difor returnerer vi til brefallet og velgjer ei anna rute ned, forbi landemerket Nunataken. Her er fleire sprekker, men likevel lettare å gå. Turen ned Kronprins Olavs bre er dryg, så vi er nesten glade for at utsikta var stengd av skyer dagen før. Turisme Vel nede får vi oss eit varmt bad ved stasjonen Olonkin City, og vatnet gjer godt for slitne bein. Petter og Jørn kjem og attende, dei har vore på fjella på Sør-Jan. Neste dag blir vi inviterte til omvisning med nokre av folka frå stasjonen. Vi køyrer Gelendewagen til historiske plassar som Eldste Metten, Gamlemetten, og Maria Mush-bukta. Vi tar òg ein kikk på Eggøya som ikkje lengre er ei øy, sidan utbrot på 1800-talet fylte ut havet og danna Sørlaguna. På Eggøya stig det endå damp opp av toppen og snøen blir aldri liggande. Rundt Beerenberg Veret er nesten endå betre neste dag. - Skal de bruke opp alt fineveret vårt, fleipar nokre av besetninga. No er det vår tur å vere gjestfrie. Vi tar med gjengen på blikkstille hav rundt Beerenberg, og får eit gjensyn med Weyprechtbreen der den veltar til havs i tusen meters bredde. Vi Studerer nylandet frå 1970 og serverer lunsj mens alke, lomvi, havhest og andre sjøfugl vrimlar rundt båten. I den klare lufta er det uforståeleg at toppen ligg nesten 2300 meter over oss, og at dette er eit av Noregs høgste fjell. Heimtur Utpå kvelden kjem vi rundt øya til stasjonen og tar avskjed før vi set kursen heim. Beerenberg ruver over horisonten, heilt til mørke skyer skjuler fjellet neste morgon. Det er slutt på fineveret. No får vi kuling rett imot, så vi skårungane får prøvd oss skikkeleg mens vi kryssar sakte sørover. Det er likevel imponerande å kjenne kor godt ein slik båt er tilpassa havet. Der ein motorbåt av same storleik ville rulla sinnsvakt, støttar ”Symra” seg på seglet og går flott over dei veksande bølgjene. Men direkte komfortabelt blir det nok aldri. Den tredje dagen dreiar heldigvis vinden til ei betre retning, før den løya neste dag. Sjette dagen stig Godøya fram av disen og vi stemner inn Sunnmørsfjordane til ein hyggeleg velkomst i Ørsta. Uttrykket frå vêrmeldinga, ”overfarten Ålesund – Jan Mayen”, har fått ei ny meining for oss. | | 





|