Føringsturar til Jan Mayen og Beerenberg

Jobbar med Borea Adventures om turopplegg og gaiding på Jan Mayen. Turane liknar vår private tur i 2003,
men med start frå Island
kan ein erstatte noko av seglinga med ferie på Sagaøya. Viss du samlar 2000-metringar er Hvannadalsnukur den einaste på Island, den er god opplading til Beerenberg. Ta kontakt om du er interessert i tur sommaren 2012.

Foto: Ivar Helleberg

(Foto: Ivar Helleberg)

 

Tur 2, 2010

Vi hadde flott vær då vi starta frå Isafjordur, men meldingane var dårlege, og sjølv om vi prøvde å unngå eit kraftig lavtrykk fekk vi kuling rett imot. Etter to dagar førte vurdering av framdrift, kontra slitasje på deltakarane til at vi snudde. Vi var fort tilbake på Island. Men stemninga var god og dagen i Husavik vart flott, med termobad og konsert på lokalet om kvelden.

Så gjekk det fint til Jan Mayen, der det vart ein solid opptur då Sørjan dukke ut av tåka.
Med tre tapte dagar hadde vi berre to igjen, og måtte vere effektive. Då leiren var etablert ved Gamlemetten åt vi ein solid middag og starta så mot Beerenberg.
Været var surt, men vi kom over tåka då vi entra breen på 600 meter. Det låg enno eit skylag over oss, men det letta mens vi gjekk, og då vi tok fram breutstyret ved 1300 meter låg toppen i midnattsol. Det var uvanleg mykje sprekker, så det vart ein del navigering i Bratthenget, før vi nådde toppen i morgontimane. Utsikta frå krateregga slår det meste.
Det var ein sliten men glad gjeng som nådde leiren etter 18 timar, 32 kilometer og 2277 høgdemeter.  Av fire grupper som prøvde var det berre vi som nådde toppen dette året.
Vi sov om ettermiddagen og samla oss rundt eit rekvedbål om kvelden.
 Mens vi var på tur inviterte Siggi stasjonsbesetninga på båttur rundt øya. Dei såg mange kval på kloss hald. Vi var heldige og fekk invitasjon til "Kvalrossløpet". (eit tradisjonsrikt løp, 9 km langt) , så neste dag stilte vi med Beerenberg i beina. Det gikk bra, men sjølv erfarne løparar vart distraherte då rasande rødnebbterner og tjuvjoar angreip undervegs.
Opphaldet slutta med eit hyggeleg og interessant besøk på stasjonen. - Og så brukte vi heimturen til kvile.

Marit Figenschou har skreve artikkel om turen. Jan Mayen - reisen er slutt.



Tur 2, 2008.

Ettersom første tur var charter vart dette den første gaida turen til Beerenberg.

Foto: Boreal AdventuresTurane var organisert som samarbeid mellom Borea Adventures og Eco Expeditions.

Seglturen frå Island tok oss 2.5 dagar. Vi hadde tenkt oss direkte til lesida av Beerenberg, men stasjonssjef Åge Leif Godø ba oss legge til i den tryggaste hamna, Kvalrossbukta og kjørte oss deretter til basecamp ved Gamlemetten. Det er litt lengre veg frå denne sida enn frå Eldste Metten på austsida, men leirplassen er verkeleg flott. Vi hadde berre ein dag med godt vêrvarsel, så då det var gløtt i skydekket neste ettermiddag starta vi. Vi gjekk i tåke til 1000 meter, og så braut vi gjennom. Resten av natta hadde vi vindstille og midnattsol til vi dukka ned i skyene igjen. Heile turen tok 16 timar og det var ein sliten men glad gjeng som kraup i telta neste formiddag.
Vi gjorde som gruppe 1 og gjekk til høgre i Bratthenget. Bak Nunataken kan det vere mykje sprekker. Der var det greitt, men lengre oppe var det meir enn sist. (Har ikkje gått denne ruta før)
Vi nådde Haakon VII toppen rundt klokka 03.

Klokka 11 på formiddag var alle nede. Vi sov utover dagen og hygga oss med leirbål på Bommen ved Nordlaguna om kvelden.

Neste dag ga ein fottur til lavagrottene i Schmelkdalen og vidare til Eldste Metten eit variert inntrykk av den spesielle naturen. Siste dag starta med sandstorm og då det byrja regne vart det surt. Vi gjekk likevel til stasjonsruinane i Maria Musch bukta og vidare til flyvraket på Danielsenkrateret. Avreisedagen var vi innom stasjonen før avreise til Island. Vi kom dit klokka 02 Laurdagsnatta og rakk ei kjapp feiring i Isafjordur.

Vi hadde også med to radioamatørar. Michael og Wojtec var svært nøgde med å sende frå eksotiske Jan Mayen, mens fjellet var uaktuelt.
Ivar, Arne, Ole Mats og eg fekk også med oss høgste fjellet på Island.
Hvannadalshnúkur er 2119 meter, så med start på havnivå var det god opplading til Beerenberg.

Robert Fjellanger, Mike Wells, Arne Hagen, Johan Hustadnes, Ivar Helleberg. Jon Andersson,
Ole Mads Øvergaard og Wojtec Rossocacki. Wolfgang Schaub, Rùnar Karlsson, Sigurður Jónsson

 

Linkar til deltakarane sine sider

Gruppe 1

Morten Helgesen: Glittertind Forlag
Flotte fjellbøker og anna, mest frå Jotunheimen

Erik Aaseth: Fotogalleri
Galleri med høg kvalitet. Informasjon under kvart foto dokumenterer heile turen.

Arne Mæhlen: Tinderangling
Mildt sagt spenstig prosjekt. - Bestige alle norske 2000-metere med primærfaktor 10 meter i løpet av eit år!

Torgeir Eraker: Norske Fjelltopper Over 2000

Geir Åke Dahlen: Toppomania

Kjell Iver Klyve
Kjell Ivers Fjellside

 

Gruppe 2

Wolfgang Schaub:  - Artikkel i Summitpost
Eventyrar med prosjekt å bestige høgaste fjell i alle europeiske regionar. Det gir mange interessante reisemål.
Heimeside: Gipfel und grenzen

Michael Wells: Jan Mayen DXpedition
Radioamatør. Han og Wojtec hadde planlagt godt og oppnådde gode resultat med tusenvis av kontaktar over heile verda. Omfattande fotoarkiv.

Wojtec Rossocacki: Jan Mayen 08  (YouTube)
Island, segling og radiosending ved Gamlemetten.

 

 

Foto: Johan Hustadnes
Leir på Libergsletta

Foto: Ivar Helleberg
Ein glad gjeng (Foto: Ivar Helleberg)


Bratthenget og Sørbreen

.

Foto: Ivar Helleberg
1600 meter.  Skyer på 1000
(Foto: Ivar Helleberg).

Foto: Ivar Helleberg
Skugge på skyene
(Foto: Ivar Helleberg)

Foto: Ivar Helleberg
På Bommen, ved Nordlaguna
(Foto: Ivar Helleberg)

Foto: Ivar Helleberg
Lundefugl ved Eldste Metten (Foto: Ivar Helleberg)

 

Foto: Ivar Helleberg

Krateret mot Weyprechtbreen. Haakon VII topp bak til venstre. (Foto: Ivar Helleberg)

 

 

Foto: Ivar Helleberg

Krateret frå Haakon VII topp (2277moh) Skygge av fjellet på skyene til venstre. (Foto: Ivar Helleberg)
360 grader panorama frå toppen (Du må ha Quicktime)