Artikkel i Sunnmørsposten

    

Kreativ rute i Sunnmørsalpane

Sunnmørsalpane er eit eldorado for topptur, men for å gå hytte til hytte i tindelandet må ein vere kreativ. Vi fann ei spennande rute langs fylkesgrensa mot Hornindal. Glimmerdalshytta og Tyssenaustet er ledige i skisesongen.

Grøndalen i Volda er eit populært turområde med terreng for einkvar smak. Eidskyrkja er høgste fjellet i kommunen og ein flott topptur. Men denne gangen skal vi motsatt veg, over fjella til Hjørundfjorden og vidare til Hellesylt.

Kulda varte til mai. Heldigvis, det berga skisesongen etter ein snøfattig vinter. No er det plutseleg sommar så  det gjeld å nytte den korte perioden med stabil vårsnø. Ein kan nesten sjå snøgrensa krype oppover i varmen, så det er berre å følgje etter. Vi kryssar lyngrabbar og skummande smelteelver på leit etter spreidde snøflekkar. Til slutt heng flekkane saman og vi kan nyte kveldslyset der vi går i lett terreng mot den avsidesliggjande Glimmerdalen.

Gammal Moskovitt

Glimmerdalshytta var bygd av Osdalens Gruvecompani 1907. På den tida var glimmer, eller moskovitt ettertrakta. Dette gjennomsiktige mineralet liknar stiv plast, men kan delast i syltynne flak. Det isolerer og tåler sterk varme, noko som gjorde det veleigna i elektrisk utstyr. No har moskovitt mista nytteverdien, og ein finn det berre som glas i gamle kaminar.

Utvinninga vart først driven utan bustad i fjellet. Det var ikkje rasjonelt og det måtte være eit blodslit å bære glimmeren sju hundre stupbratte meter ned i Osdalen. Då Ingeniør Jordan frå Bergen overtok fekk han bygd hytta og ei taubane, men lønsemda vart aldri bra, og etter fleire eigarskifte var det slutt rundt 1920. Hytta fall saman, så berre dei fine murane sto att då ungdomar frå Austefjorden bygde den opp att i 1982. Ti år seinare vart stiftelsen ”Osdalen Glimmercompani” oppretta og løfta hytta til enkel, men moderne standard. Dagbrotet ligg der framleis, og for ungar er det ei stor oppleving å rote i glimmerhaugane.

Slik er det om sommaren. Vi finn hytta delvis nedsnødd. I snørike år ville nok ei flaggstong sikre at ein finn att døra. No er det ein grei jobb å spa seg inn og sjølv om det er rått etter vinteren har vi det godt når omnen har gløda ei stund.  

Lettgådd, litt opp, lita kneik, slakt vidare..

Sunnmørsalpane er gjennomskorne av djupe daler og ofte ligg nabobygda på baksida av fjellet. Men her på grensa til Nordfjord kan vi halde oss i høgda. Ruta til Tyssevatnet ved Bjørke i Hjørundfjorden ser fin ut på kartet, men vi veit ikkje andre som har gått den. Tung blir den i alle fall.

Heldigvis stemmer den flotte vêrmeldinga. Vi har pakka lett men har masse drikke, for ein slik dag er væsketapet stort. Det småkollete Otredalsfjellet gir ein roleg start og frå toppen ser vi ruta til dagens siste topp. Storhornet er med 1599 meter tredje høgst i Sunnmørsalpane, men før vi kjem dit skal vi gå to tusen høgdemeter. Vi sklir ned fire hundre meter på fellane og går rett på neste topp. Kviven gjer ikkje mykje av seg, men namnet er kjent. Før bilvegane kom var det 800 meter høge Kvivsskaret ei viktig ferdselsåre. Historia er ikkje gløymd og frå tid til anna blir det arrangert ”Kvivsstemne” der bygdefolket møtes på fylkesgrensa. No er Kviven aktuell igjen, for langt under beina våre kjem Kvivsvegtunnelen som vil korte ned avstanden frå Sunnmøre til Stryn med femti kilometer. Johnny er frå Kalvatn og ser ned på familien sitt sel på Kvivssætra.  

Mens vi stig mot Gjura dreier synsfeltet frå den idylliske Austefjorden til meir dramatisk natur rundt Hjørundfjorden. Tindane står i kø og frå denne kanten liknar Jakta ei svær bølgje som snart veltar over den skjøre Slogen, eit av dei vakraste fjella i landet. Ikkje rart naturturismen aukar, området gir opplevingar som slår det meste og det lokale uttrykket ”Tind-til-Tare-tur” har blitt eit merkenamn. 

No blir fjella større. Utfordringane aukar også, for etter eit flott nedrenn kjem vi til Kråpet, ei smal kløft med eit knep på lur. Svapartiet vi skal opp er slakkaste del av fjellveggen rundt den dramatiske Skipedalen. Sola steiker og snøen rasar stadig av berga lengre borte. Her er det greitt, men ikkje betre enn at vi går ein i gangen mens kameratane følgjer spente med. I den pillrotne djupsnøen må vi bruke ski for ikkje å søkke ned, men er det hardt bør ein ha stegjarn og isøks. Vi kjem trygt opp og er letta mens vi gler oss over framdrifta over Lisjehornet og vidare i lett, men luftig terreng langs skavlane på Blåbrehornet. No byrjar kreftene å ebbe, men humøret er på topp og Frank som loggar ruta på GPS fleipar med at han vart lurt av tendensiøst språkbruk. Uttrykk som lettgådd, litt opp, lita kneik og slakt vidare verka ikkje så ille. Høgdekurva viser kvifor beina verker.  

Vi sklir vidare mot Blåbreen der vi møter den enkle ruta frå Hornindal til Storhornet. Frank og Oddvar som er oppvaksne på Bjørke meinar å kjenne honndølane på lette ski, joggedressar og rumpetasker.

Sunnmøringar brukar kraftig utstyr, så når vi ser tre prikkar suse ned frå toppen tippar vi at dei kom opp nordsida. Det stemmer. Finn, Merete og Roar har gått den alpine ruta over Bjørkehornet og Storhornet. Dei fortel at skavlen og bresprekka der vi skal ned er enkle i år, så no kan vi berre følgje skispora. Flott, men når dei svingar vidare ned normalvegen er vi litt misunnelege likevel. Futten har gått ut og vi nyttar krabbegiret siste stykket. Det er i grunnen greitt, det gjer følelsen ved å kome opp endå betre.

Sjarmøretappe

Toppen gir luftig utsikt mot Hjørundfjorden som skummar i solgangsbris langt der nede, men vi blir ikkje lenge. Spora viser veg mot skavlen og med nok snø på breen er det berre å rive av fellane og la det stå til tusen meter ned til hytta ved Tyssevatnet. Naturopplevinga er sterk med varm kveldssol, svarte stup og brefall på alle kantar. Siste stykket er det bratt og vi køyrer langs ferske solfonner. Slike ras er ikkje så skumle som flakskred om vinteren, men ein kan bli lurt når skia løyser småspirer som veks seg store og angrip lengre nede. Derfor får eg ein støkk når eg høyrer eit kraftig sus og bråvender for å unngå raset. Heldigvis, det er ikkje ei fonn, men ein foss! Vi har svinga nær utløpet av tunnelen som fører fjellvatna langs Skjåstaddalen mot det regulerte Tyssevatnet. Med sterk snøsmelting står ein fin men ganske malplassert foss ut av snøskreda som ligg over.

 Det er godt å kome fram og bikke av seg støvlane ved Tyssenaustet. Vi finn oss godt til rette og når buken er fylt med turmat er kroppen klar for kvile. Det blir ein tidleg kveld. Det gamle naustet vi bur i mista nytteverdien då vatnet vart regulert i 1961, men Ålesund og Sunnmøre Turistforeininga har skapt det om ei koseleg hytte. Ein kan ikkje seie at reguleringa av det store vatnet pyntar opp, men området er framleis ei perle, og utsikta over Tyssevatnet er dramatisk der Hornindalsrokken og Rokkekjerringa heng over vatnet frå kvar si side og knuser isen med snøskred i fritt fall. 

Bonus

Frå Tyssenaustet er det ein lett tur ned til Bjørke, men vi har ein dag igjen på ruta. Den går over Kvitegga til Tryggestad ved Hellesylt. Været er like flott og vi får ein lett start ved å skøyte på isen over vatnet. Snart er vi i Blådalen som ligg mellom to av dei store, Hornindalsrokken og Kvitegga. Tid, krefter og ambisjonar dreg kvar sin veg, men det er synd å passere ”Rokkjen” så nær. Vi spanderar eit par timar ekstra og snart balanserer vi på ski mot det luftige toppunktet. Utsikta er voldsam, bak tindane i vest ser vi havet ved Ålesund og mot sør ligg Nordfjord med Skåla, Lodalskåpa og Jostedalsbreen. Under oss er det 900 loddrette meter ned i Tyssevatnet.

Tilbake i Blådalen legg vi inn krabbegiret mot Kvitegga. Det kostar eit par liter sveitte å passere Brattebakken, men så står vi på Sunnmørsalpane sitt tak, 1717 meter over fjorden. Herfrå ser vi ned på meir alpine toppar som Slogen, Skruven og Smørskredtind. Dei svære skavlane langs topplatået heng trugande over turistruta gjennom Nordangsdalen. Og her er skifolket. Kvitegga er ein populær tur den vegen vi skal ned. Ikkje rart, Snødalen gir 1500 høgdemeter fantastisk skikøyring. Og mens vi svingar nedover møter våren oss. Før helga var det knoppar på trea. Varmen gjorde utslaget, bjørka er knallgrøn.  

Vi strekker beina i vegkanten til drosja kjem. Overgangen frå ro i fjellet til råkøyring for å nå Sæbøferga blir brå, men det er godt å vere ferdig også. Snart er vi heime, med den gode følelsen etter ein vellukka tur.

Rute:  

 

 

Storhornet, 1575 og Blåbrehornet frå Veslehornet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Brattebakken og Glimmerdalshytta

Ruta

 Kveldslys over Austefjordfjella

 

 

Tyssevatnet er nedtappa om våren

 

 

 

Kvitegga mot Storhornet.

Rute via egga til høgre og ned solsida.

 

Høgdekurve 

Kråpet

     
   
    
Vår i lufta. - Start i Grøndal.                                        Hornindalsrokken    Trasig føre...