Turen rundt
Hjørundfjorden har blitt
samanlikna med den berømte
"Haute Route" i Alpane. Men
nei,
det er kontrastane som bør lokke. Her
er ingen trengsel, og sjølv om
turen er lengre går ein lettare
i feit og god sjøluft.
Dag 1
No var det vår tur. Vi hadde
venta på at mildvêr skulle
stabilisere snøen, no måtte vi
bruke den korte perioden med
vårsnø før den vart vekk.
Så fekk det heller våge seg at
Yr meldte pøsregn.
Frank, Oddvar og eg sto med skia
på sekken mens ferga nærma seg
Hundeidvik. Mellom oss og
Festøy, ferjekaia vi nettopp
forlèt, venta 7500 bratte
høgdemeter. Så ga ferjelemmen
startsignal, og vi var i gang.
Først på skogsveg, så på
ski inn Riksheimdalen. Været
freista ikkje til lange pausar,
så framdrifta var god, sjølv om
vi hadde god tid denne første
dagen. Så tok vi skia på sekken
og sparka oss opp i skyene ved
Blåbreskaret. Her var den
elegante Blåbretind berre ein
god halvtime unna, men denne
gangen handla det ikkje om
toppar, og vi svinga ut av
skyene og ned mot Trandal.
Snøen låg
nesten til fjorden, og som
avtalt sto nøkkelen i hyttedøra.
Det går greitt i ei bygd med
seks fastbuande, og der
ferjemannskapet veit alt som
skjer. - Kanskje bortsett
frå når det er arrangement på
Christian Gaard. Frank Storeide
bygde ikkje etter kommunale
reglar, men hevda at berre
åndsverklova let seg anvende.
Resultatet vart ein utestad med
kultstatus. Opphavsmannen døde i
vår, men Christian Gaard består,
som møteplass for båtfolk,
elleville blåturar og ein
suksessfull bluesfestival.
Dag 2
Neste dag pøsregna det. Stien til
Lisjedalen var bratt, men grei å
finne, og då skogen slutta møtte
vi snøen. Mens vi passerte under
dei svarte veggane til
Elsantind, studerte vi eit av
knepa på ruta, dei sleipe
svaberga under Nordkopskaret. Vi
hadde utsett starten då vinden
pakka nysnø i nordsidene, og no
fekk vi lønn for tålmodigheita.
Snøen gjorde passasjen til ei
grei økt, og mildværet hadde
stabilisert vintersnøen.
I alle fall virka det slik, men
det var likevel godt å pakke
vekk økser og stegjarn på
skaret.
Herfrå forsvann ei kvass egg opp
i skyene. Det var ikkje lenge
sia vi balanserte der på ski, på
vei til Råna, men i dag reiv vi
berre av fellane og sette utfor
mot Breifonndalen. Namnet er
ikkje tilfeldig valt, over dei
snøfrie fjellsidene såg vi svære
brotkantar og det som likna ei
bretunge i dalbotnen var summen
av skreda.
Ved
Haukåssætra stakk bordet til ein
rasteplass opp av snøen, så vi
lunsja i siviliserte former før
vi svinga til fjells igjen. Tre
klissvåte timar seinare fyrte vi
opp omnen på Patchellhytta.
Her har
Turistforeininga ei perle. Den
originale steinhytta som vart
reist av ein engelsk fjellpioner
er enno i bruk, no som
tilleggslosji for den moderne
hytta like ved. Hytta er eit
høgtliggande utgangspunkt for
luftige toppar som
Smørskredtind og Brekketind,
eller kjendisen Slogen.
Når det gjeld sistenemnte må vi
berre slutte oss til Drillo: ”Dronningen
og jeg har en ting til felles,
vi har begge vært på Slogen. -
Det er også det eneste”.
Uansett, dronningbesøket passar
i den klassiske tradisjonen. Dei
engelske fjellpionerane vendte
stadig tilbake til området, og
delte hotell Union på Øye med tyske
keisarar og dess like. Du møter
få keisarar i dag, men hotellet
er høgst oppegåande, i original
stil.
Dag 3
Tredje dag starta med
opphaldsvær og unnabakke. Vi
svinga ned til skoggrensa og
gikk ned Skylstadbrekka; ein
bratt men god sti. Her kneisa
Jakta midt i mot, som ein enorm
haifinne, og lengre fram i dalen
skimta vi Lygnstølsvatnet.
Vatnet vart danna i 1908 då eit
skred frå fjellet Keipen sperra
dalen og la setra under vatn. I
dag kjem entusiastiske dykkarar
til Norangsdalen, høgdepunktet
er å symje gjennom porten til
setervollen mens auren gøymer
seg i bjørkeskogen.
Ei fin rute
vidare ville vere å ta drosje
til det nyrestaurerte vertshuset
Villa Nordangshol og gå til
fjells frå Fivelstad. Men vi var
sta, og skulle gå heile vegen.
Derfor kryssa vi vegen og tok
”stien” mot Ulvedalen, ein dal
som heng i fjellsida under
Keipen. Det sunnmørske
ordet for slikt terreng er
”bukkemark”, og då vi
bikka inn i dalen hadde vi snø i
skoa og mold på isøksene. Og ja,
på knea. Men nedrennet til
fjordbotnen på andre sida var
lekkert, og då vi nådde Viddal
såg vi ferga krysse langt der
ute. No var det verste gjort.
Så, då vi pakka skia på sekken
dundra det kraftig i
fjellsidene, det var ”Otåla” som
styrta i sjøen. Denne mektige
fonna fekk plass i lokalhistoria
då den tok eit brudefylje i
1770. No er det berre flott å
sjå fontener av snø sprute over
fjorden.
Vi slutta dagen med fem
kilometer asfalt til Bjørke.
Frank og Oddvar er innfødde, så
overnattinga ordna seg lett då
Oddvar ringte frå ”Prillarguri”,
ein høgprofilert telefonkiosk
som sist var i media då Linda
Eide og ”Norsk attraksjon”
rekonstruerte den fargerike
lenkeaksjonen som berga den i
1997.
Dag 4
Neste dag øydela snøvêr sikta,
så vi droppa den alpine ruta mot
Bondalen og tok transportetappen
gjennom Rognestøyldalen. Her
sparte vi 400 høgdemeter, men
prisen var ei ekstra mil, på
skogsveg og asfalt. Sola braut
igjennom, men då vi nærma oss
bygdesenteret Sæbø mørkna
himmelen og lynglimt varsla kva
som kom. Vi lunsja i eit
busskur, mens toreveret drønna
forbi og pepra asfalten med
hagl. Då byga passerte stakk vi
til fjells igjen og rakk forbi
Høgreset før den neste. Den var
intens, men kort, sikta kom
tilbake før vi skulle ned bratta
mot dagens mål; Standalshytta.
Etter 12 timar var det godt å
skifte til tørt, men det var
lite selskap i dei tre
venninnene som hygga seg med ei
vinflaske i stova. Vi hadde
knapt hengt superundertøyet til
tørk før dei tok kveld.
Dag 5
Siste morgon kom med strålande
blå himmel, og snart trakka vi
spor for dei som skulle på
Kolåstind seinare på dag.
”Tinden” er ein populær vårtur,
og 17 mai går folk i tog hit,
gjerne med flagg og bjørkeris i
sekken. Vi skulle ikkje heilt
opp, men slengte oss utfor
Kvandalsskaret i puddersnø, før
vi tok den siste bakken mot
Molladalsskaret.
Molladalstindane er populære i
klatrekretsar, og om sommaren
vert det stadig gått nye ruter i
den reine granitten. Ein kan
gjere mykje artig om våren også,
men for oss var dette innspurt,
vi sklei berre lett over det
frosne vatnet og ned til
Barstadvik. Fjellturen var
slutt, men det kjentes ikkje
rett før vi hadde traska dei
siste kilometrane til ferja på
Festøy. Då var det helt OK.
Ruta.
Turen har blitt gjort på tre
døgn, mens andre har brukt ei
god veke og plukka toppar
undervegs.
Turen bør gåast når snøen har
smelta i skogen, men ikkje for
seint. April er bra.
Versjonen i artikkelen gir ein
flott og alpin tur, men kan
berre anbefalast ved stabil snø.
Ruta kan justerast mot enklare
terreng og færre høgdemeter, men
alle versjonar har bratte parti.
Aktuelt:
Dag 1-2. Frå Blåbretind eller
Regndalen, ned til Velledalen og
Velleseterhytta. Så lett til
Patchellhytta, eller Øye /
Fivelstad. Vil ein krysse
Regndalsbreen bør breutstyret
være med.
Dag 3. Til Fivelstadhaugen, over
til Kvitelvdalen, Tyssevatnet og
til Bjørke. Mulig overnatting i
”Tyssenaustet”, DNT.
Det er også mulig å gå
Konedalen bak Jakta, men her
sluttar dagen med ei svært bratt
nedfart til Viddal.
Dag 4
Russedalen gir eit
bratt parti på veg mot
Kvistaddalen og Bondalen, men
ruta er flott. Rognestøyldalen
er enkelt men lengre, ein bør
vurdere drosje ned Bondalen. Ein
kan overnatte på Sæbø. Vidare
til Standalshytta er
Frølandsdalen til Follestaddalen
og Standalshytta eit enkelt
alternativt.
Dag 5.
Romedalen er lett alternativ til
Vartdal eller Barstadvik.
Kart og bøker
- Kjøp turkartet
”Sunnmørsalpane” i målestokk
1:50 000.
- ”Sunnmørsalpane Guide” gir
info, pluss oversikt
for overnatting.
www.orstainfo.no
- Lettleste rutebøker frå Iriss
forlag gir motivasjon og
lokalkunnskap.
www.iriss.no
Overnatting
Ein kan bruke DNT-hyttene
Velleseterhytta, Patchellhytta
og Tyssenaustet. Det finnes
utleigehytter, hotell eller
campingplassar i alle bygdene
langs ruta. Utanom DNT bør du
bestille på førehand. Sjekk
”Sunnmørsalpane guide”, eller ta
kontakt med Ørsta reiselivslag.
I
sekken:
Du treng stegjern, isøks og
skredutstyr.
Gå lett, det er vår og du kjem i
hus kvar dag. Ta med lakenpose.
Mat kan etterfyllast på
Patchellhytta. Lokale butikkar
gir omveg, men kanskje kan
overnattingsstadane handle for
deg.
|
|