Spitsbergen på langs 2004
Spitsbergens nordligaste punkt, Verlegenhuken føltes som ein stusseleg plass, sjølv når været var flott og drivande isflak gløda i årets første midnattssol. Då Stefano, Heinrich og Geir frå Poli Arctici hadde snudd snøscooterane sørover vart det stille, og vi visste at no var det ingen vei tilbake. To personar åleine med ein hund, i ein månad der vi ville møte det meste Svalbard har å by på.
Mykje måtte klaffe. Ein tidlig vår gav oss dårlig tid til å nå Sør-Kapp og så komme oss heim før smeltevatn og snømangel blokkerte returen. Og sjølv om vi hadde myke fjellerfaring var vi ferske med pulk og hund. Vi regna med å venne oss til pulkane etter kvart, men var spente på Balto som vi fekk leige av Svalbard Villmarksenter. Han var ”Hopsky”, ei blanding av malemute og grønlandshund og skulle være stor, sterk, snill og redd for isbjørn.

Starten
Starten blir kaotisk og frustrerande. Vi har ikkje styring på Balto og han døyper pulkane ved å dra dei opp i frosne grushaugar. - Men han lærer fort. Der føret er hardt dreg han begge, rundt 160 Kilo, - og likar det! Eit merkelig instinkt, men det er i alle fall til gjensidig glede. Som løn får han mat og mykje kos. Dagen går over all forventning, og når vi slår leir ved Sorgbukta er vi glade for å ha gått 22 kilometer, for no ser vi at dette kan gå.
Isbjørn
Skyene ligg lavt i Arktis, så vi prøver å unngå navigasjonsproblem og usynlige bresprekker ved å halde oss i lavlandet. Det betyr fjordis, og muligheit for isbjørn. Men det høyrer liksom med og vi har akseptert at det sikkert vert den som finn oss.
Og det stemmer. Åshild vaknar av tunge steg utanfor. Frå teltopninga møter ho blikket til ein fullvoksen bjørn, ikkje meir enn fire meter unna. Heldigvis er den mest interessert i hundematen, så den strekkjer labben under snubletråden og krafser på pulken med godlukta. Eg vaknar av Åshild sitt varsku, kombinert med smellet frå snubleblusset og har nok aldri vore så fort ute av soveposen. Det er spanande å opne glidelåsen, for kvar er bjørnen no? Men heldigvis, når eg kjem ut ser den vaktsamt på meg frå same stad – Mens Balto ligg musestille og skjelv med snuten under labbane. Litt av ei vaktbikkje!
Om det er det trøtte trynet mitt eller signalpistolen som skremmer mest er usikkert, men bjørnen tar beina på nakken. Når eg har lada om er den langt vekk. Vi er sprekkfulle av adrenalin, men møtet gir sjølvtillit. Dette er ekte, og vi har kontroll! Og vi lastar ikkje Balto heller, han har sett ein overmodig bror bli tatt av bjørn.
Ismangel
Ruta går sørover den 15 mil lange Vidjefjorden, men fordi isen ligg eit stykke inne må vi opp på den enorme Åsgardsfonna, før vi kan svinge mot fjorden. Mens vi stig aukar utsikta over Polhavet og vi ser over Hinlopenstredet mot det isolerte Nordaustlandet. Minner frå bøkene om Andre’, Amundsen og Nobile styrker opplevinga av å være på eventyr.
Etter ei natt på breen skrår vi vestover og bratt ned mot Vidjefjorden. Det slår om til sønnavind og det gjer oss bekymra for fjordisen. Men kanten er et par kilometer lengre ute, så vi slår leir. - Og får sjokk når vi vaknar. Store isflak driv nordover med vinden, og framfor dalen er det berre vann. Men det er is i nærleiken, så i staden for å gå opp igjen startar vi ein langspurt. Her står det i beste fall om timer! Vi råkjører med pulkane nedover breen og kavar oss vidare mellom morener og isfelt. Når vi nærmar oss fjorden har vi nesten gitt opp og ser for oss to bortkasta dagar, så gleda er stor når dalen opnar seg. Vi går ut på isen like ved kanten og er overlykkelege! Dei neste dagane går vi effektivt sørover, og nyt følinga i fint vær. Men vi ser mange ferske bjørnespor og dessutan middagsrestar der bjørnen har venta ved selen sine pustehol, så når vi svingar mellom isskruingene veit vi at den kan være like ved.

Ved fangsstasjonen på Austfjordneset vert vi møtte av fangstmann Jan Åge Ege. – Såg de bjørnen?, spør han. Han har nettopp jaga ein og når han peiker ser vi den gå nordover i spora våre. Vi lurer på kor mange vi ikkje har sett.
Jan Åge er hyggeleg og engasjert. Han inviterer oss inn og fortel om ein fantastisk vinter med ei fin ro og mange flotte opplevingar, blant anna fantastiske måneskinnsturar på ski. Isbjørn som dukkar opp i lyset fra hovudlykta kan vel støkke dei fleste, men verkar dagligdags på Austfjordneset.
Smelteelver
No er det slutt på finvêret. Vi plaskar vidare i regn og overvatn eit par dagar før vi kjører oss fast i tåke, smelteelver, søle og nysnø innerst i fjorden, ved oppgangen til Mittagleflerbreen. – Der Åshild planlegg korleis eg kan starte denne artikkelen: - ”Så der sto eg i snøstormen, med ein doven hund, ei menstruerande kvinne og 160 kilo bagasje”. – Det er godt formulert, men stemmer dårlig, for hunden er ikkje doven og Åshild jobbar like hardt som alltid.
Det ender med vår første liggedag og overgangen til Billefjorden blir fæl med klabbande pulkar i djup snø. – Men OK, det er etter kvart berre føret som er ille. Sola bryt opp tåka og utsikta er enorm der breen sklir ned mot Billefjorden.
Vi brukar to dagar gjennom turistområdet nær Longyearbyen og sjølv om alle snøscooterane øydelegg freden må vi innrømme at det er fint å gå i preparerte spor mens Balto handterer pulkane. Han gjer ein kjempejobb, bortsett frå når vi møter rev, sel eller svalbardrein. Då tek instinktet overhand og vi har vår fulle hyre med å kontrollere han. Men sjølv med ein balstyrig hund er reinen så tam at vi kjem kloss på den hardføre vesle tjukkasen.
Vi har brukt elleve dagar og ligg bra an, men beskjeden i depotet er deprimerande. I Longyearbyen er det nesten snøfritt og elvene opnar seg. Det ser mørkt ut for henting om tre veker og vi veit at mens vi går sørover aukar risikoen for å få heimvegen sperra.
Med det er lite å gjere med det. Litt spenning høyrer med, så vi finn frem fighterinnstillinga mens vi plaskar sørover. Klarer å sjå tunge dagar i dårlig vær som ein nødvendig jobb. Det ligg ei underlig spenning i at resultatet av satsinga viser seg fleire veker seinare.
Men nok snø i sør..
Sør-Spitsbergen er et spennande og isolert tindeland der alle dalane er fylte av brear. Området er værhardt og det snør mykje. Vi ligg vêrfast ein dag og går vidare i midnattssol, mens den etterlengta kulda kjem tilbake. Pulkane klabbar og skoa frys, så det er ikkje moro, men utpå natta er vi nesten mållause av det flotte lyset og det topper seg når vi ser
tre soler! – Det heiter visst ”Halo med bisol”.
Men ved Van Keulen fjorden får vi meir motgang. Vi står plutselig på sjølve fronten av Doktorbreen, ein enorm isvegg som strekkjer seg rundt hele fjordbotnen. Vi veit det er sprøtt, men er nær ved å fire oss utfor. - Men kva om noko går gale? Kanskje Balto ikkje liker å rappellere? Vi tar heller eit par dagar på ein ekstra fjellovergang.
Nokre dagar med flott vær og god framdrift gir oss optimismen tilbake. Ved Brepollen har vi fantastisk utsikt til Hornsundtind og ser hav på begge sider, så vi skjønar at målet er innan rekkevidde.
Dagane vert etter kvart rutineprega, men aldri kjedelige. I leiren brukar vi tid på ruteval, stell av utstyr og vonde kroppsdelar, og dessutan på bøker og MP3. Musikk er flott når ein dreg tungt!
Dessutan lærer vi mykje om polarhund. Balto er heilt fantastisk når han sprett opp av snøen kvar morgon og stikk hovudet i selen for å gjere det han liker aller best. Men det kan være irriterande når 60 kilo hund skal ha merksemd mens du skrapar is av pulken. Og ein bør binde hunden før ein går på do
Tidsklemma
Dessverre får vi kraftig snøvêr når vi treng det minst. Etter fleire liggedagar byrjar tida å renne ut og vi forstår at vi må trosse farane ved å gå utan sikt. Navigering mellom tindar, brefall og sprekker i Isbukta er vanskelig, og vi slit med pulkar som velter i djup snø.
Vi er svoltne og når vi reknar på proviant, kroppsfeitt og tid innser vi at det er på tide å snu om vi ikkje kan hentast på heimtur. På satellittelefonen får vi vete at det trulig går ennå, men får innstendige råd om å komme til Van Keulen Fjorden før det vert mildvêr. Men når vi ligg og snør ned er det vanskelig å sjå problemet. - Og ikkje vil vi heller, så vi avtalar henting som planlagt, ei veke seinare. Som ei oppmuntring får vi ein formiddag med strålande vær, og oppdagar for ein utruleg flott plass vi er på.
Sluttspurt
Vi når Sørkapp 17 Mai, i snøfokk og kulde, men med fint lys. I snødrevet er det vanskelig å sjå kvar Spitsbergen sluttar og havisen byrjar. Vi er glade, men ikkje letta, for målet ligg 120 kilometer mot nord. Og det er ikkje noko spesielt ved Sørkapp, så vi tar på ansiktmasker, snur oss mot vinden og kavar oss opp på breane igjen. Med GPS finn vi igjen punktet der vi grov ned ein pulk, og heldigvis, til slutt finn vi pulken og! No er været ille, og vi er glade når teltet er sikra.
Dei to neste dagane er det umulig å gå med snøstorm og 17 kalde. Vi er frustrerte over å ligge vêrfast mens vi bør spurte nordover, men har nok med å gå rundt teltet for å stramme bardunar. Det einaste positive er at laussnøen bles vekk. Når vi riv teltet er det berre fire dagar igjen, så vi må stå på! Balto var nok lei av å ligge under snøen og klarer seg godt så lenge vi skrubbar av isen som legg seg rund augene. Vi går i blinde etter lagra GPS-punkt og er nøgde med å nå Brebukta før midnatt. Her under fjella kjem vinden i rasande kastevinder og utpå natta får vi ei nifs oppleving når teltet klappar saman. Stengene vert bøygde, men heldigvis berger vi teltet!
Det vert mildare, men elles er det same dritvêr neste dag. Vi sloss mot snøføyka og krasjar med usynlige skavlar. Nest siste dag roar vinden seg, men sludd og drivande regn held oss gjennomvåte. –Urettferdig!
Men så går det vår vei! Siste dag er været fint, så vi et rikeleg og hentar inn det tapte med ei 34 kilometer lang sjarmøretappe til Van Keulen. Endelig! Vi har ikkje sett stort den siste veka, så vi slår oss til på fjordisen, nyt utsikta mot brefrontane og føler oss skikkeleg ovanpå etter ei vellyksatsing.


Tilbake
På scooterane tilbake til Longyearbyen forstår vi kor heldige vi har vore. Utanom breane er det flom.
Vi planar over smelteelver med full gass, men held likevel på å søkke nedi fleire gangar. Til slutt når vi Longyearbyen gjennom ein elvedal, den einaste staden med snø. Stefano, Heinrich og Ingunn er også letta og fortel at vi var dei siste på ski i år, og at dette var absolutt siste dag vi kunne hentast. Vi trur ikkje kven som helst ville prøvd heller og er takksame for innsatsen.
Det er rart å være i hus. Dusj, reine klede, mat og seng er utroleg luksus og det tek tid før det dagligdagse verkar normalt. Men snart er det omvendt, og breane på Svalbard verkar som ei anna verd.
 |