Organiser din eigen tur
Det blir fort dyrt om du melder deg på ein organiserte tur. Om du lagar ditt eige opplegg sparer du masse og får gjerne ei større oppleving.
Du kan leige tenester som transport og likevel behalde kontrollen sjølv. Små turoperatørar er ofte mest fleksible ved slike opplegg.
Du må få opplegget godkjent av Sysselmannen
Du får meldeskjema av Sysselmannskontoret og må beskrive turplan, utstyr og tidlegare erfaring. Om ein skal utanfor område 10, området sør og Aust for Isfjorden blir ein pålagt garantiansvar for utgifter ved redning. Pengane må betalast også om ein ikkje har utvist aktløyse.
Beløpet varierer etter Sysselmannskontoret si vurdering av turopplegg, avstand og redningsutgifter. Eksempelvis var summen 100 000,- ved tidlegare turar, mens vi vart pålagde 175 000,- for å segle rundt Nordaustlandet.
For å dekke kravet er det billig å bruke bankgaranti for lån, men tryggast å forsikre turen. Til dømes har Europeiske ein standardavtale der ein betalar 4% av garantiansvaret.
Ved mindre garantibeløp kan ein kan ta bryet med å kjøpe ei billig utanlandsk forsikring, som denne generelle franske: www.au-vieux-campeur.fr (250,- per person i 04). Denne forsikringa er individuell og dekker opp til 11400 Euro. Ein kan ikkje slå saman fleire forsikringar. Det kan løne seg å få forsikringa godkjent av Sysselmannskontoret før du bestiller.
Vær budd på språkproblem og bestill i god tid. Last ned forklaring og innmeldingsskjema.
Utstyr
Du må ha knallskudd, snublebluss og rifle, pluss våpentrening og kunnskap om isbjørn. Nødpeilesendar er påbydt utanfor område 10 og satellittelefon er lurt. Utstyr kan leigast eller kjøpast i Longyearbyen, men det er ikkje direkte billig. Det kan løne seg å reservere før oppreise for å vere sikker på at utstyret er inne. Spør f.eks. Ingeniør G Paulsen.
Snublebluss må du rekne med å kjøpe. Det løner seg å ha med stenger eller skistavar med vinkelfeste for blussa.
Det er OK å ta med våpen og ammunisjon frå Norge, men knallskudd og anna "fyrverkeri" er forbode på fly. Låner du gevær må du ha attest frå eigaren. Kart kan du bestille hos Polarinstituttet.
Elles trengs normalt turutstyr, men legg inn større margin enn heime, for hjelpa er langt unna og kombinasjonen vind og kulde er verre enn på fastlandet. Dette kan bety to primusar, meir mat, reservedelar, førstehjelpsutstyr o.s.v. Det kan løne seg å kjøpe utstyr i Longyearbyen, sjølv om prisane ikkje heilt står i stil med momsfritaket.
At klimaet kan være ekstremt set krav til isolasjon og vindtette klede. Ein er pliktig til å sette seg inn i reglar for ferdsel og ha kunnskap om den sårbare naturen.
Seinvinter og vår er ei flott tid for ski eller scooterturar og om sommaren kan du bruke beina, båt, kajakk eller ski, om du får transport til bre.
Gummibåt
Gummibåtar er billige, stabile, raske og tåler last. På flat sjø kan dei gjere 25 knop med last, men med bølgjer går det smått fordi dei flatbotna båtane ikkje skjær sjøen. Når ein prøver å halde farta oppe for å plane får ein bank av stadige buklandingar i bølgjedalane. Sjøspruten kan være plagsam, så ein er avhengig av overlevingsdrakt. På ein tur i 95 vart mykje av tida brukt til naudreparasjon etter at botnen på ein slitt båt rivna. Men sjølv om turen ble avslutta med ei presenning rund båten er gummibåtar generelt trygge og pålitelige, fordi ein allereie sit med overlevingsdrakt i ein ”livbåt”. Med to båtar har ein god sikring ved eventuelle problem. Det er også lurt å bruke sikringsline i båten, for du sit på ripa som i ein raftingsflåte.
Det finnes større gummibåtar og særleg RIB versjonar med fast kjøl er langt meir sjødyktige, men på Svalbard får du bare leid enkle Zodiak på 4.7 meter. For langtur bør ein ha 40 hestars firetakt motor. Samanlikna med totakt reduserer det støyen, halverer drivstofforbruket og doblar rekkevidda. Totalt kan ein båt ta opptil 400 Kg, så med færre personar kjem ein lengre.
Sesongen startar seint i Juni og sluttar definitivt i September. Sommaren har det mest stabile været, men tåka kan være plagsam. Enklare turar kan gjerast i fjordane rundt Longyearbyen, der er masse fint å sjå. Fordi leirslagning tar tid kan det være fint å bruke same leir fleire netter. Gå fjelltur, sjå på dyr og fuglar, lag bål og ha det fint.
Snøscooter
Mange firma leiger ut scooter, komplett med utstyr, både med og utan guide. Dei fleste køyrer innover til Billefjorden med den Russiske gruva "Pyramiden" og Tempelfjorden. Nydelig fint område. Mange køyrer også til Barentsburg og vidare til Kapp Linne', der Isfjord Radio er omgjord til pensjonat. Eller til Svea. Lengre har ikkje tilreisande lov å reise, men det er mykje fint der.
Linkar:
Svalbard reiseliv Generell info, turoperatørar m.m.
Sysselmannen Generell info, reglar m.m.
Norsk polarinstitutt Kart, bøker og masse info om Arktis og Antarktis
Poli Arctici Liten, allsidig og engasjert turoperatør
Ingeniør G Paulsen Alt innan turutstyr, inkludert utleige av Zodiak
Norwegian cruising guide Guidebøker for segling i Norge, inkludert Svalbard.
Kings Bay Ny Ålesund. Fly og losji. (Bestill tidleg, ingen garanti)
Store Norske Gruvedrift i Svea. Småfly. (Bestill tidleg, ingen garant)
Hornsund Isolert polsk stasjon i sør. Sjeldne skipsbesøk.
Austfjordneset Stein P Aasheim med familie overvintra i Vijdefjorden