Sørsommaren 08-09
Denne sommaren var eg i
transportteamet som fraktar forsyningar frå
Shelfen til Troll.
Etter lossinga var
vi to grupper på fire som køyrde
transportane. Her er eit subjektivt utval frå sesongen.

Innreisa var som sist, vi
venta to dagar i Cape Town før vi kunne gå ombord i
Ilyushin om kvelden. Etter ei
ukomfortabel natt landa vi grytidleg på russiske Novo, Etter lossinga sov
vi utover formiddagen til Basleren frakta oss dei siste 400 km til Troll.
Den første tida på Troll
gjekk til repetisjon av breredning og gjennomgang av kjøretøy. Etter kurs
var Sandre og eg
breåte på redningsøving. Vi slengte sovepose og
liggeunderlag ned i ei sprekk før vi rappellerte 10 meter ned. Så vart
sele og tau heist. Det vart nokre fine timar med utsikt opp mot flotte
isformasjonar. - og ein liten blund. I posen var ikkje breen sine 25 minus
kaldt, men sidan vi låg ”bevisstlause” oppå posane då dei fann oss, vart det
kjølig før dei hadde fått oss opp og til stasjonen.
Lossing
Neste
prosjekt var lossing på Shelfen. 10 mann
reiste med fire
tråkkemaskiner og ei bandvogn.
Vi hadde litt uflaks med været, halve turen
gjekk i snøfokk. Med 13 km/h tok dei 28 mila 3 dagar, inkludert
litt venting på sikt gjennom hengslingssona, der dei store sprekkene ligg.
Ivan
Papanin kom
med solskin og vi hadde lange, men fine dagar mens vi lossa, åt russisk mat
og besøkte den svært russiske badstua med tilhøyrande kaldtvassbasseng. Ein
av dagane vart ekstra lang, då vi hadde for få sledar og
måtte tilbake til
hengslingssona for å hente containerar som var køyrde dit før ruta var
godkjend. - Den dagen vart 32 timar.
Leirliv
På Troll jobba folk med nytt reinseanlegg, containerrampe, flyplass og ikkje
minst vedlikehald av køyretøy mellom transportane.
KSAT jobba først og
fremst med den nye Galileo-stasjonen, mens
NILU gjorde oppdateringar og
vedlikehald.
Innimellom landa ein Basler eller Twin
Otter, fly som transporterar folk mellom stasjonane i Antarktis. Ikkje fullt
så ofte kjem langdistansefly frå Cape Town. Då blir det hektisk med
drivstoffylling, handtering av bagasje og passasjerar, samt mottak av
"lokalfly". Og på slutten av sesongen fekk Trond, Kai og eg oss ein
TorTur med scooter.
Triveleg avbrekk.
Lang tur til shelfen
Etter Julefeiring og
ein fridag reiste Trond, Kai, Bosse og eg til Shelfen. Håpet var å være tilbake
til Nyttår, men slik vart det ikkje. Turen nedover gjekk på GPS, men vi var
heldige og fekk sikt ved hengslingssona, så vi stakk kjapt igjennom. Då vi
slo leir på Fimbulisen var det vindstille, men utpå natta vakna vi av at
kjøkkenvogn og "hundehus" rista.
Neste morgon var vi
vêrfaste. Utover dagen auka vinden og i
voldsam snøføyke var det vanskeleg å orientere seg mellom vognene. - Ei jekkestropp
mellom hundehus og kjøkkenvogn vart løysinga, så fekk vi sjå på maskiner og
sledar seinare. Vi spelte kort, las eindel, åt og sov. Når Trond la seg i
hundehuset føyka han ned, vi spadde fram døra fleire gangar. Neste natt hadde gynginga i kjøkkenvogna gått over til kraftig risting. På Troll
målte dei orkan, det hadde nok vi også.
Neste kveld
roa vinden seg og vi kunne sjekke leiren. Nokre sledar hadde blåst reine,
mens andre låg under to meter snø. Vi starta med trakkemaskinene. Det
tok tid å tømme motorromma, reinse luftfiltra og spa fram belta, men neste
dag kunne vi bruke maskiner til å rydde. Vi brøyta, spadde, slepte og skubba og etter 7 timar kunne vi
kople saman sledetoga og fortsetje til Shelfen.
Nyttårsfeiringa vart
enkel. Vi vart nesten ferdige med lastinga før været gjorde det umulig å
jobbe, så vi kraup inn og varma noko saltkjøt. Utanfor vindauget
gjekk nokre forblåste adèliepingvinar. Utpå kvelden heldt vi på å fokke
ned igjen, men denne gangen kunne vi flytte sledane. På blåisen samla dei
ikkje snø.
Nyåret kom med
strålande sol, vi kom til hengslingssona i knallvær, men med sensasjonelle 5
plussgrader kunne vi ikkje køyre gjennom.
Neste morgon var sikta tvilsam, men vi starta opp. - Og kom ingen vei. Alle sledane hadde frose fast. Dei let seg skubbe
laus med andre maskiner, deretter køyrde vi i sirkel til "klabbane" var vekk.
Men det måtte to maskiner til for å dra sleden med den nye hjullastaren. Det
vart ein underleg situasjon då to maskiner køyrde i sirkel mens to mann
kasta sledekarmar under sleden. Etter tre omgangar var klabbane vekk.
- Men no snødde det. Endå ein roleg dag, no byrja maten å bli kjedeleg.
Det snødde neste morgon også, men i 11-tida kom sola. Dei to siste dagane gjekk
fint, med unntak av at uværet hadde lagt igjen masse nysnø, så tre maskiner køyrde seg fast i den lengste bakken. Det
var ekstra godt å komme til Troll denne gangen. Resten av
transportane gjekk greitt, men været var ikkje godt denne sommaren, så det
vart nokre stopp.
IPY-Traversen
Den største hendinga
denne sesongen var avslutning av
IPY-Traversen. I
det
Internasjonale Polaråret
har ekspedisjonen brukt førre sesong på veg til
Sørpolen og denne på retur. Undervegs kartla dei landskapet under isen, undersøkte snødekket og samla inn to containerlaster med iskjerner, opp til 1000 år gamle. På retur
gjekk ruta over dei store sjøane som ligg 3000 meter under isen. Her
gjorde dei nye funn i forhold til landskap og djupne på sjøane.
For min del var det artig å være med på både start og slutt. I 2007 var vi
drahjelp opp til polplatået og i år
møtte vi gjengen nær Troll og var med til
Shelfen. Etter lasting av båten returnerte ekspedisjonen til storstilt
mottaking med politikarar frå mange land på Troll.
Sakte tid
Imens hadde eg den rolege jobben
med å passe frysekonteinarane med iskjerner på vegen til Cape Town. Ivan Papanin skulle gå direkte frå vår losseplass, men sidan
forholda
hadde vore vanskelege ved tyske Neumayer måtte vi tilbake dit. Denne lastinga
gjekk fint, men det tok tre dagar ekstra, så det vart 12 dagar russisk
cruise til Cape Town. Ein får god forståing av avstanden når klimaet sakte
skiftar frå Antarktis til
Afrika.
|
|


Ivan Papanin og
ein adèliepingvin

Lite å sjå på
overflata

Assistent. -
Havisen var 360 cm.

Trond ved
"hundehusa"

15 km. Ski er meir vanleg i Hellehallet.

Britt ordna kake
til IPY


GPS-dag

Shelfen
|