Sørsommaren 2010-11
Denne sommaren var eg
hovudsakleg i transportteamet som fraktar forsyningar frå
Shelfen
til Troll, men det mest interessane var
forskingstoktet
ICE Fimbulisen.
Her er eit subjektivt utval frå
sesongen.
Vi skulle inn med første fly til russiske Novo, men med
dårleg vær vart det to ekstra dagar i Cape Town før vi gjekk ombord i ein
smekkfull Ilyusjin 76. Dei neste sju timane var tronge og varme, men vi fekk
kjølt oss då vi landa på russiske
Novo i minus 13 og kuling.
Fimbulisen
På Troll vart vi møtt av eit hyggeleg
vinterteam, og var snart i gang med klargjering til transport. Ei veke etter
oss kom Fimbulgjengen og dei neste tre vekene jobba eg med dei. Først
ei veke klargjering og så to veker i felt. Vi køyrde den vanlege ruta mot
losseplassen og hadde ei fin økt med breøving i hengslingssona.
Då vi var nede på isbremmen Fimbulisen og tok vestover starta Kirsty Langley og Elvar Ørn Kjartansson radarmålingar. Dei
målte istjukkelse og ny posisjon ved masse fastpunkt som var plassert der året
før.
På isbremmen hadde dei gjerne flytta seg rundt 50 meter, men på breelva Jutulstraumen kan bevegelsen være 1000 meter i året,
altså 3 meter per dag! Slike breelver kan
samanliknast med store elvar på andre kontinent, og hensikta med
prosjektet er mellom anna å finne ut om isbremmen minkar, og i så fall om
mindre motstand fører til at meir innlandsis forsvinn.
Jutulstraumen
På vei vestover følgde mekanikar Kjetil Bakkland radargjengen, mens
ekspedisjonsledar Stein Tronstad, oseanograf Tore Hattermann og eg gjorde
ein avstikkar for å finne ein målestasjon som var seinka ned under den 300
meter tjukke isbremmen året før. Tore var glad for å kunne laste opp data
for eit år, så bytta vi batteri og grov ned loggeutstyret. Neste dag møttes
vi igjen, og fortsette til skjærsona ved Jutulstraumen.

Her, i overgangen
til hurtigflytande is blir det store sprekkområde, og vi var spente på kor
mykje det ville hindre oss. Året før hadde dei mykje arbeid med ruta, mellom
anna med ein slede som vart hengande på langs av ei sprekk. Vi hadde god
nytte av ein parallellforskyvd versjon av deira rute, kombinert med ferske
satellittfoto og breradar. Vi møtte ein del større sprekker, men stort sett
fann vi passeringar i nærheita og var gjennom på få timar. Til slutt
passerte vi "the day after tomorrow-sprekka", ei sprekk som gjekk så langt
vi kunne sjå i begge retningar. Så var vi inne på Jutulstraumen, der isen
flyt jamt, og det er lite sprekker. Vi slo leir ved ein ny målestasjon midt
på Jutulstraumen, radargjengen jobba
resten av sesongen frå den basen. Neste dag kjørte Tore og eg snøscooter til den siste målestasjonen, nær fronten av
Jutulstraumen.
Heim
Dei andre vart ein månad til, men no skulle Tore og eg heim. Vi hadde litt
arbeid undervegs, så i tillegg til fjelltelt og leirutstyr pakka vi verkty,
generator, boreutstyr og 300 liter bensin. Kjetil og Stein brukte ein
dag på å frakte oss gjennom skjærsona, og så var vi på tur. Det er ein heilt
annan følelse å reise lett på scooter enn å sitte i bandvogn, der ein
nærmast har med sin eigen landsby. Det er flott å være på tur, men det er
ikkje berre moro å køyre scooter i Antarktis. Det er stort sett flatt, med
knallharde skavlar, så ein blir ganske mør, sjølv om farta sjeldan passerer
35 km/h.
Neste morgon var været flott, men med ein del snøfokk. Det kom heldigvis rett mot
oss, då
stoppar vindskjermen det meste. Denne dagen køyrde vi til ein værstasjon som fekk nytt batteri og eit solcellepanel, før vi fortsette til
Shelfen.
Dagen etter vakna vi til knallvær. Vi skulle måle
tjukta på havisen, så etter frukost fann vi ei snøfonn som tok oss forbi
isstupet ved fronten av isbremmen og ned på havisen. Der gjekk det ikkje
lenge før vi fekk selskap. Motorduren hørtes nok under vatn, for snart
plaska det ved iskanten og ein flokk keisarpingvinar buklanda på isen og
sklei mot oss. Denne største, og sikkert flottaste av pingvinane har ingen
fiendar på land, og kvidde seg ikkje for å inspisere arbeidet vårt, som den
kommenterte med snadring og trompetstøyt.
Arbeidet gikk lett, sola steikte og pingvinane kom stadig nærmare. Det vart
ein fantastisk dag, men alt har ein ende. Tore såg muligheita for å spare
tre veker ved å nå eit tidlegare fly, så same kveld var sprekkene i
hengslingssona passerte, og siste dag gjekk dei siste 20 mila til Troll
greitt. Etter 60 mil på harde skavlar nådde vi akkurat avslutningsmiddag for
overvintrarane. Flyet skulle gå neste kveld, men midt i festen kom beskjeden
om avreise same natt, så slutten kom fort for både Tore og vintergjengen.
Lossing, transport og stasjonsarbeid
For min del vart det tre dagar på Troll før turen gikk til Shelfen igjen,
for lossing. Heldigvis var russiske Ivan Papanin skifta ut med danske Mary
Arctica, det var ein opptur på alle måtar.
Losseturen tok 9 dagar, deretter gikk vi i tturnus, med to grupper.
Ein normal tur tek seks dagar, då går det omlag ein dag til lasting av gods
på Shelfen, resten av tida til å køyre 28 mil
kvar vei. Farta er berre 12 km/h, men kvar maskin dreg 30-40 tonn, så ein
får med 6-700 tonn på ein sesong.
På stasjonen var det ikkje byggearbeid denne sesongen, så
vi kom à jour med ein del vedlikehald på bygg, kjøretøy, kraftverk og
sledar, mens NILU tok service på sin stasjon og KSAT monterte nye radonar. Utanom dette jobba vi med flyplass, og diverse støtte til
forskarar. Mellom anna brukte danske Icegrav fasilitetane til å gjere
gravitasjon og radarmåling frå fly, langt inn mot polpunktet. Det var
interessant å sjå profilane av innlandsisen, der store fjell ser ut som små
skjær under isen. Polarinstituttet gjorde bakkebaserte radarmålingar, vi
fekk mellom anna vite at Troll Airfield har 600 meter is i eine enden, og
over 1200 i andre. - Altså havnivå!
Svarthammaren
Landmålarane Gudmund og Yngve gjorde detaljkartlegging ved Troll, mellom
anna med tanke på framtidige bygningar, og eg fekk den trivelege jobben som
hjelpegutt/sikkerheitsansvarleg då dei skulle kartlegge fuglefjellet
Svarthammaren, ved bistasjonen Tor.
Vi køyrde dei ti mila til Tor i snø og snøfokk, men vêrvarslet stemte, det
vart fint om
kvelden. Etter kveldsmat rekognoserte vi, og slo fast at heile aust og
nordsida av Svarthammaren var tilgjengelig på scooter, mens vest og sør var
vanskeleg på grunn av sprekker. Dei to neste dagane
var været nydeleg, vi plasserte ut GPS referansepunkt og gjorde målearbeid langs den
nye vernegrensa i sør og nord. Fjella i området er spektakulære, så det vart
ein del fotografering undervegs. Det einaste som drog ned var stanken av
tusenvis av døde petrell. Sørjoen, og kanskje vinden samlar fugl ved fjellfoten, og det ser ut som ei miljøkatastrofe der tonnevis av fugl
rotnar i svarte vasspyttar.
Fjerde dag skulle vi gå vestsida som taulag, men med 15 minus og kuling vart
det ein frisk start. Gudmund gjekk i
midten og målte, mens Yngve og eg fotograferte punkta frå begge sider. Slik
gjekk vi halve vestsida, men kombinasjonen vær og sprekker ga lite
margin. Området er også vanskeleg tilgjengeleg, så vi konkluderte med at det var sjølvverna. - Resten vart målt
frå satellitt.
Om kvelden var Gudmund og eg oppe i fuglefjellet for å sjekke 15 år gamle
fastmerke. Vi såg tusenvis av antarktispetrell-ungar som venta på mat. - Eller
på å bli mat, Sørjoen får området under fjellet til å likne ein slakteplass. Evolusjonen må ha gitt petrellen
valet mellom flukt, gøymsle eller kvantitet. - Den tok det siste.
Siste dag returnerte vi til Troll, også no på GPS. - Kjempefin tur.
Konklusjon: Nok ein fin sesong på Troll.

Skjærsona. Foto: S.Tronstad. Vegane i Norge er
eigentleg ganske bra. |
|

Keisarpingvin

Landmåling

Kaldt ved landing på
Novolazarevskaya

Pakking til Fimbul, masse greier..

Sprekker bør passerast på tvers

Fastpunkt for GPS
Brelandmåling
Ilyusjin 76 på Troll Airfield
|